29. mai 2012

Bagels

Blod på tann...

Etter å ha tenkt mykje på gårsdagens bakverk, måtte eg til på ny i dag...
Det er ikkje kvar dag eg kjem borti oppskrifter som inneheld koking av deig!


Etter ein heller kjedeleg form på gjærdeigen i går, lagde eg rosettar i dag.
Væska vart erstatta av ekstralett mjølk, og litt av mjølet vart bytta ut med fint rugmjøl.


Slik ser bagelsane ut etter eit halvt minutt i kokande vatn. Sjokkheva! Kokinga gjer sitt til at skorpa vert litt "bagel-seig".

 Etter ca. 15 minutt i steikeomnen, kunne eg ta ut åtte slike rundstykker.

Og til middag i dag...:

Bagel med steikt spekeskinke (restar etter 17. mai...), torskeloins (kjøpt av Isbilen) og rømme. Det smakte godt, det!

5 kommentarer:

Noralill sa...

Her var det mykje godt! Dei brøda såg knallgode ut! Men koking...av deig?? Litt skeptisk...hihi Men det såg utruleg vellukka ut!

Adjunktista sa...

Vart veldig gode, altså! Ungane kasta seg over dei! Verdt å prøva! Helsing utflytta harding.

Velkommen til bloggen min:-) sa...

Det var svært så du kokkelerer.....Superflott bakverk! Så flink du er, hvor tar du det fra:-)

Tove Johansen sa...

Eplet faller vel ikke så langt fra stammen....

Adjunktista sa...

Hi-hi!!!
PS: Ei god veninne av meg er inne på bloggen din dagleg, Tove, sidan sonen har matallergi. Bloggen er ei viktig kjelde for planlegginga av middagar osv!!! ;-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...