31. mai 2012

Trommekake...

...som bestilt av bursdagsbornet i lang tid i forvegen...


...vart lagd seint i går kveld...


...og ete av små og store i ettermiddag.

I desse bursdagstider...

...var det igjen duka for litt godsaker etter middag...


 ...til ære for Trapp...
...som vart fødd dagen før siste eksamen...


...for åtte år sidan!
Rullekake...

...har lenge vore eit ynskje for Trapp...


...og i går vart det endeleg eit høve til å baka verdas raskaste blautkake,
då bestemor hadde bursdag...

29. mai 2012

Bagels

Blod på tann...

Etter å ha tenkt mykje på gårsdagens bakverk, måtte eg til på ny i dag...
Det er ikkje kvar dag eg kjem borti oppskrifter som inneheld koking av deig!


Etter ein heller kjedeleg form på gjærdeigen i går, lagde eg rosettar i dag.
Væska vart erstatta av ekstralett mjølk, og litt av mjølet vart bytta ut med fint rugmjøl.


Slik ser bagelsane ut etter eit halvt minutt i kokande vatn. Sjokkheva! Kokinga gjer sitt til at skorpa vert litt "bagel-seig".

 Etter ca. 15 minutt i steikeomnen, kunne eg ta ut åtte slike rundstykker.

Og til middag i dag...:

Bagel med steikt spekeskinke (restar etter 17. mai...), torskeloins (kjøpt av Isbilen) og rømme. Det smakte godt, det!

28. mai 2012

Oppskrift på bagels

Bagels...

...vart ein suksess til lunsj-middag i dag...


...ilag med minihamburgarar, argentinske pølser,
salatblad og ketshup...


Her kjem oppskrifta:

1 pose tørrgjær
1 ts sukker
1 ss honning
3, 75 dl fingervarmt vatn

Bland saman og sjå at gjæren gjer jobben sin!

2 ts salt
kveitemjøl

Det tørre skal oppi det våte og til slutt vert dette ein fin deig. Del deigen opp i åtte, og lag bollar. La dei kvila i fem minutt.
Trill bollane om til pølser og tvinn endane saman. Prøv å få bagelen til å verta like tjukk overalt.

Polentagryn

Dryss polenta på eit bakepapir, og sett bagelane på, slik at det festar seg på undersida.

Set steikeomnen på 240 grader,
fyll ein kjele med vatn og kok opp.

Ta to og to bagels og kok i vatnen i ca. 30 sekund. La dei renna av på ei rist og set dei på steikebrettet. Steik i omnen i ca. 15 minutt eller til dei har vorte ljosebrune på toppen.

Dette er ein lett og ikkje så tidkrevjande måte å laga bagels på. Dersom du vil ha ein meir avansert måte, med 12 timars kviletid i kjøleskapet, kan du sjå i kokeboka Supper og Brød. Den boka er forresten ei av favorittane mine på kjøkenet!
Det er så moro...

...å finna slike flotte tulipanar...
...mellom oktoberrosene!


Det er jo eg som har satt lauken der...
...men slikt gløymer ein!

27. mai 2012

Jordbær...

...bringebær og blåbær,
toppa med kesam vanilje...


er ein perfekt sommarrett!

26. mai 2012

Ny shorts og topp...

...i Bø i dag...


Klar for ei fin helg i sola sitt teikn.

Ha ein fin sommardag!
Morgonstund...

...har gull i munn...


Eit nyvakna bustetroll, kaffi, takterrasse og strålande solskin...

25. mai 2012

Etter to dagar og ei natt...

...på Damtjønn...


...med mykje prating, bading, matlaging, sosialt samvær,
fisking, leiking, konkurransar, gåing, utpakking og nedpakking...


...er det fleir av oss, både elevar og lærarar,
som kan kalla seg Monsen til mellomnamn!
Trim + natur...

...høyrer saman...


...og med (ganske) nye joggesko og nydeleg vær...
...er det pleie for sjela...
...å gå i skog og mark og fjell.
Rektor...

...har vore på tur...


...og sjå kva ho kom tilbake med!
Min er rosa.

Det er rektoren sin, det...

22. mai 2012

Snickerskake...

...levert på døra...
...etter middag...
...av ei kjempegod veninne...,
...som hadde vore i bursdag...,


...gjorde dagen super!

Og etterpå ein lang gåtur i den varme vårkvelden.

21. mai 2012

Tyttebærsirup og stjerner...

Ein liten dessert...

(på ein ny duk!)

...ein mandagskveld...


...etter at den etterlengta trampolina...
...endeleg "prydar" plenen...

Vaniljeis med tyttebærsirup.

20. mai 2012

SmoothISen...

...smakte fortreffeleg...
...ute i det fine veret...


...for alle fem...
...i testpanelet...

19. mai 2012

I kveld...

...har eg laga smoothie...
...og fylt i desse isbegra frå Tupperware...


...så får mogondagen visa...
...korleis dei ser ut...
...og korleis dei vert mottatt av smakspanelet...

Smoothien består av:
eplejuice
fryste bær
banan
vaniljeyoghurt

18. mai 2012

Og festen fortsetter...

...med restemat frå 17. mai...


...og ein fin fridag med arbeid og leik i hagen.

17. mai 2012

Etter koldtbordet...

...lagd og ete av tre generasjonar...


...smakte det skikkeleg godt med
17. mai-kakene!

16. mai 2012

Dagen før dagen...

...vert brukt til muffinsbaking og dekking av bord.


Alt i 17. mai-tema, slølvsagt...

Muffins og frosting er frå boka Love Manuela.


Frosting:
120 gram smør
250 g melis
Vaniljeessens og sitronessens
ein skvett mjølk

Piskast på full guffe til du er nøgd med resultatet!

15. mai 2012

Førebuingane til 17. mai...

...er i full gang...
...med stryking av skjorter og innkjøp av strømpebukser!


Tripp vil låna bunaden min, så beltespenna er flytta opptil fleire cm inn...
Men, kva skal eg ha på meg då?
Bunadsbeltet er det Besta som har sydd,
 for over tjue år sidan.

14. mai 2012

Fougasse...

...i stangfasong...


...fungerte som "takk for lånet" - gåve i dag.

IkkjeToroTomatsuppe

Raud suppe...

Heimelaga tomatsuppe...
...med rjomme og egg...


...vert endå betre...


...med fougasse inntil!

Og til dessert, før fotballtreninga til Trapp, vart det pannekaker med blåbærsyltety...

Skikkeleg mandag!!!

13. mai 2012

Kaffikapslar...

...og kaffimaskiner...


...er ein av mange ting naboen og eg har felles.... :-)

Særleg når nye (rosa!) kapslar i limited edition må prøvast ut, er det kort veg mellom husa.


Takk for kaffipausa!

12. mai 2012

Titt tei...

...Tripp!


 Kjekt med takvindauge når sola steiker og gjer romma om til badstu!

Tripp er på besøk på rommet til Tresko og fotorgafen heng IKKJE i ein stropp frå pipa, men står heldigvis godt planta på takterrassen.


11. mai 2012

Krydderkake...

...med "gulrotkake"-krem...


...vart servert på gårsdagens Tupperwareparty.

Oppskriften finn du her:


Takk til alle som kom!
Det regnar ute....

...og inne har hortensiaen fått litt vatn å styrka seg på.


...og rosene borte i vindauget tittar fram frå gardina og lurar på kva som skjer.
Japansk kirsebærtre...

...planta i fjor...


...har fått knoppar og rosa blomar og står og pyntar seg ute i hagen...


Vonar bløminga varar lenge!

9. mai 2012

Hakkasteik...

...er visst fortsatt ganske ukjent...
...utanfor Hardanger sine grenser...


Dette hadde me til middag nesten kvar veke då eg var yngre...
...og det vart også middagen for små og store i "Gamlebanken" i dag.


8. mai 2012

Fiskegrateng...

...er utruleg godt!


Burde laga det mykje oftare...

7. mai 2012

Kokosmuffins...

...måtte berre prøvast ut i dei nye, rosa,
vesle minimuffinsformene mine...


...i desse "kortvokst mat"- tidene (Hi-hi-hi!)


Men røra vart altfor stor til dei tolv miniatyrformene, så små julemuffinsformer og større silikonformer måtte hjelpa til. Siste rest havna i gapet på Tripp og Tresko...

6. mai 2012

Belgiske vaflar...

...er supergodt...


...med brunost...
...til lunsj!

Og etterpå med sirup, akaciehonning, is,
krem, sjokoladesaus...
...eller noko anna søtt!
Beste dressingen...

...salaten din kan få...
 
...er desse to:

Crema Bianca og
Crema con aceto balsamico.

Den siste er favoritten min og passar også på jordbær!

4. mai 2012

Sør-Afrika sitt svar...

...på lasagne og moussaka...


...er denne utruleg gode retten som heiter

Takk til slektingar i Hardanger/Oslo for tipset!

Dette kan verta den nye
"Det som er bedre enn pizza, mamma!" - retten!
Lokal kunst...

...av Eva Flatin...


...har hengt på den raude veggen min i mange år no!

2. mai 2012

Sola skin...

...og då vert det ein solsalat til middag...


Denne er laga på:
ymse salattypar, egg, appelsin, krydra biffstrimlar og balsamicosirup.

Og til kveldsmat vart det ein grøn smoothie,
som var meir sunn enn god, men ikkje så verst likevel når smakslaukane hadde vendt seg til smaken.


2 dl eplejuice
1 ts ingefærknoll
1 liten, moden avokado
1 dl spinat (eg hadde slike fryste spinatterningar i frysaren!)
1 ss hasselnøtter
6 isbitar

PS: Det er lurt å starta med det våte når du fyller opp i blenderen. Då er det lettast å få alt skikkeleg most utan at det set seg fast og du må nedi med slikkepotten og ordna litt!

Bland alt til ein fin mos!
Sunn appetitt!

1. mai 2012

Epleskulpturar!

Etter to flotte dagar...

...i skulpturparken på Akkerhaugen
(populært kalt Patmos)...


...kan små og store sambygdingar...


...frå Akkerhaugen, Nordagutu og Hjuksebø...


...vera svært så stolte av resultatet...


...av dugnadsarbeidet!
...(og kanskje kalla oss kunstnarar alle saman...?)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...