28. mai 2012

Oppskrift på bagels

Bagels...

...vart ein suksess til lunsj-middag i dag...


...ilag med minihamburgarar, argentinske pølser,
salatblad og ketshup...


Her kjem oppskrifta:

1 pose tørrgjær
1 ts sukker
1 ss honning
3, 75 dl fingervarmt vatn

Bland saman og sjå at gjæren gjer jobben sin!

2 ts salt
kveitemjøl

Det tørre skal oppi det våte og til slutt vert dette ein fin deig. Del deigen opp i åtte, og lag bollar. La dei kvila i fem minutt.
Trill bollane om til pølser og tvinn endane saman. Prøv å få bagelen til å verta like tjukk overalt.

Polentagryn

Dryss polenta på eit bakepapir, og sett bagelane på, slik at det festar seg på undersida.

Set steikeomnen på 240 grader,
fyll ein kjele med vatn og kok opp.

Ta to og to bagels og kok i vatnen i ca. 30 sekund. La dei renna av på ei rist og set dei på steikebrettet. Steik i omnen i ca. 15 minutt eller til dei har vorte ljosebrune på toppen.

Dette er ein lett og ikkje så tidkrevjande måte å laga bagels på. Dersom du vil ha ein meir avansert måte, med 12 timars kviletid i kjøleskapet, kan du sjå i kokeboka Supper og Brød. Den boka er forresten ei av favorittane mine på kjøkenet!

2 kommentarer:

Fru Tunheim sa...

Mmmmm...så veldig godt ut. Nå spiser jeg lavkarbo, men jeg kan jo bake dem for venner og familie. Alltid kjekt å prøve noe nytt.

Tove Johansen sa...

Nam, nam. Så jo helt fortreffelig ut... Jeg har lenge tenkt å lage glutenfri utgave, men syns dagene flyr fra meg. Må bli til sommeren. Da skal jeg bake/lage ALT, både fra bloggen til mamma'n din og fra andre blogger....

Ha ei fin uke.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...