No reiser me på ein liten miniferie, og denne karen, kompisen til vesle Frøken Tresko, passar på huset i mellomtida!
Plutseleg tilbake!
30. mars 2012
Røykt svinekoke...
...kokt og kokt og kokt...
...er utruleg behageleg å laga til middag når ein også har lyst til å gjera litt i huset, henta småtroll i barnehagen og lesa bok...
Veldig godt!
Råkostsalat...
...med gulrot, eple, sitronsaft og bittelitt sukker...
...får fiskemiddagen til å bli fargerik og flott!
Tripp har hatt besøk...
...av kakebakeveninna si!
Sjokoladekake med nøtter!
28. mars 2012
Oppskriftsboka mi...
...er veldig godt brukt...
...og stadig vekk skriv eller limer eg inn oppskrifter...
...som eg får, har gode erfaringar med eller som eg har med meg heimefrå...
Borneteikningar på ledige plassar får fram minner frå fleire år tilbake. Her er det Tripp, 4 år (no snart 13), som har teikna.
Rundstykker...
...både som snurringar...
...og som blomeblad...
...er veldig populært til nistemat...
og veldig kjekt for mor i huset å baka......!
26. mars 2012
Tidleg middag...,
...altså sunne vaflar til kveldsmat for aktive og svoltne born.
Desse er laga på sammalt kveite fin, havregryn, egg, mjølk, bakepulver, vaniljesukker og litt søtningsmiddel i form av Splenda. Syltety og kesam vanilje gjer vaflene søte nok som kveldsmåltid ein mandags kveld.
Snøklokker...
...spadd opp på Alsåker i Hardanger, frakta over Haukeli og planta på Akkerhaugen for mange år sidan...
...blømer trufast kvar einaste vår.
Barndomsminne og Bestaminne...
25. mars 2012
Turdag...
...for liten og stor.
God tid, mykje å sjå på, mat og KvikkLunsj.
Og ein treåring som har gått sin aller fyrste, lange topptur. Ruta var Damtjønn - Vardåsen (grilling og sjokolade) - Akkerhaugen, ca. 12 kilometer.
Hjortegryte...
...til både laurdags- og sundagsmiddag.
Hjorten har hatt sin heim i skogen i Hardanger, og resten av ingrediensane er som fylgjer:
gulrot
erter
sopp
einebær
kveitemjøl
seterrømme
mjølk
vatn
salt
pepper
sukker
Maizena brun jevner
sukkerkulør
tyttebærsyltety
Inntil gryta: Poteter og eventuelt andre grønsaker (brokkoli, eller rosenkål med baconbitar) + tyttebærsyltety.
24. mars 2012
Ein pitstop...
....på Kongsberg i dag...
...med gresk salat og cappuccino i solsteiken.
Herleg!
Vårfornying...
Vinterskoa er bytta ut med noko lettare...
...og sjalet...
...var også nødvendig...
22. mars 2012
Dei nyaste favorittane mine...
...i butikkhyllene, kjem frå Wasa!
Funkar som mellommåltid, godteri og dessert.
21. mars 2012
Ungane har dilla...
... på heimebakt brød!
Eit lite brød går med til kvart måltid, og i dag måtte Tresko til og med ha med seg eit brød til barnehagen!
Ein tur i skogen...
...medan Trapp er på fotballtrening...
...er veldig godt!
20. mars 2012
Tre av mine gode vener...
...på kjøkenet!
To av dei er gamle vener og den nyaste er pizzagjæren. Kjekke vener å ha!
19. mars 2012
Våren har kome...
...til Akkerhaugen!
Blant tørt gras og gamle blad frå haustens siste dagar, dukka desse blå blomane opp, tett inntil eit gjerde.
18. mars 2012
Små hjarteformer..
...i silikon...
...er supre å baka banankake i ein sundags morgon.
17. mars 2012
Morgonaktivitet...
ein tidleg laurdag...
...for småbornsmødre.
Etter litt prøving og mykje feiling, og ei latterkrampe, fekk eg endeleg til å fletta med seks remser. Det var visst berre å fylgja forklaringa slavisk utan å tenkja som skulle til!!!
...i Indonesia, som har vore fadderbornet vårt i to år.
Kjekk gut!
Frukostdessert...
...og ei god bok på ein sundag...
...med Disney, Spotify og dokkeleik i bakgrunnen!
10. mars 2012
Gevinsten er ferdig...
...og me er klare for Marknadsdagen på Gvarv i dag.
Lurar på kven som vinn gevinsten vår på loddsalet til Speider'n!
9. mars 2012
Lunsj på jobb...
...er veldig koseleg!
Alle bidrar med noko, og lunsjbordet ser plutseleg utruleg spanande ut!
På mandag er det tilbake til matpakka...
8. mars 2012
Baconsnurra...
...kyllingfiletar er utruleg godt!
Fullkornsris, salat og heimelaga saus gjorde susen!
7. mars 2012
Eksperimentering...
...i brødbaking...
Ljos deig og grov deig lagt oppå kvarandre og rulla saman til eit brød. Brødet passa supert til paien som vart dagens middag.
Litt av deigen vart nytta til rundstykker, forma som trekløver, to ljose og eit grovt "blad".
Nymalt tak...
...og nymalte veggar.
Tak og lister: Eggekvit, vatnbasert maling for panel. Under: to lag med grunning - som var heilt nødvendig på godt gulna treverk!
To veggar:Hvit Narciss. Rommet heng saman med etasjen over, difor var det fint å ha same fargen ned trappa til dette rommet. Fargen passar fint saman med Lys Toscana (som er svært umoderne har eg blitt fortalt!) som er på dei to andre veggane i rommet.
Lampa: Gjenbruk... Ho er rett og slett flytta frå eit anna rom. Her passa ho perfekt!