26. aug. 2012

Pizza og kvardag

Kvardagen...
 
...har innhenta oss...
...med ny jobb, tidlege morgonar,
nistepakkar, fotballtrening...
 

...og pizza i helga...

14. aug. 2012

Kommoden

Gangen...

(...både veggar og møblar...)
...har blitt ljos og fin...
...etter malejobben i sommar...


...og den gamle, grøne speglen vart som ny etter nokre strøk med CHI.

13. aug. 2012

Meir grått

No har eg...

...eit lite utval av bilete av grå pynteting eg har i huset...
...som eg brukar flittig i påvente av å finna ladaren...
...til Canon-apparatet til Tripp...


God arbeidsstart denne veka til alle kollegaer rundt om i landet...

12. aug. 2012

Killingskaret

Det høgste punktet på vegen mellom Veggli og Austbygda. Perfekt plass å stoppa og eta litt og springa opp på toppar og rundt på alle stiane. Og for ein utsikt!


10. aug. 2012

Kålrotstappe

Kålrotstappe...

...er godt...
...og eg har laga mange variasjonar av ho opp gjennom åra.



Denne er laga av:
1 kålrot
1 søtpotet
1 potet
salt
pepper
sukker
fløte
...og mykje smaking...

9. aug. 2012

Grått på grått

Mellom dei hyppige...

...regnbygene i går...
...vart det tid til både ein kopp kaffi og ei solstråle på kroppen...


...og sidan eg er så glad i grått,
 fekk eg lyst til å ta nokre grå bilete,
med skjerf og pute frå Tripp sitt rom,
grå kanin frå Tresko si seng,
grå kjøkenartiklar 
og eit grått teppe frå stova.
Den grå stolen sto allereie plassert i regnet på takterrassen...

8. aug. 2012

Populære Tambar!

Tambar er...

...favorittrollet til det vesle bustetrollet i familien...
...og heldigvis kjem han stadig vekk ut med fleire bøker om seg sjølv!!

Sidan sist har Vesle Frøken Tresko fått to nye Tambar-bøker:
Tambar og Harepusene
og
Tambar og Sjøormen.


Dei vert flittig lest kvar einaste kveld!

"Menneskene må ikke forstå at det fremdeles finnes troll. For da vil de gjøre hva som helst for å jage dem bort. Ikke fordi menneskene er slemme. Men fordi de er redde for alt som er annerledes og alt som de ikke forstår."

7. aug. 2012

Grått

Grått er...

...favorittfargen min...
...for tida.

Alt eg tek i vert grått og alt som kjem heim med meg frå butikken er grått (og kvitt).
Dette biletet er frå ned nymalte gangen, med nye gardiner kjøpt på salg hjå Princess.
Med desse bileta er eg med i utfordringa "Vis meg din farge" i bloggen Fabelaktig.

6. aug. 2012

Muffins by Tripp

Muffins
Hei! I dag er det jeg Tripp som blogger for mamma!
Plutselig bestemte jeg meg for å lage noen helt vanlige muffins, ikke noe fancy eller noe som tar lengre tid.

Oppskrift:

50 g smeltet smør

1 dl sukker
1 egg

2 dl melk/fløte

3 ts bakepulver

2 ts vaniljesukker

2,5 hvetemel
 
 
1.Først smelter du smøret og lar det kjøle seg ned litt.
2. Finn en bolle og visp sammen smøret og sukkeret til det blir mykt og luftig.
3.Klekk så egget mot kanten og hel oppi og visp til det blir jevnt.
4.Bland i melken, hvetemel, bakepulver og vaniljesukker og visp til det blir jevnt igjen.
Jeg puttet Smarties i, veldig godt! Ikke noen spesiell mengde, bare heiv oppi litt!

Glasuren består av:

2 dl melis

2 spiseskjeer kakao

2 spiseskjeer kremfløte
Og vips så ble de slik!
Jeg tok ikke glasur på alle fordi den er ganske mektige og det er ikke alle så glad i her i huset! :D
-         Tripp

Hortensia

Ute i hagen...

...veks ein heilt fantastisk Hortensia...
...med store, kvite blomar...


 ...som vart planta ut for tre år sidan...
...etter barnedåpen til Othilde...


...men når han vert plukka og tatt inn...
...varar han ikkje så lenge...

5. aug. 2012

Alle vil hjem.

Ingen vil tilbake.

...er den heilt nødvendige oppfølgaren til boka...



Desse bøkene kjem til å sitta fast i hjarterota svært lenge...

Gjestefrukost

Fem morgonar...

...med lange, gode frukostar i spisestova...
...med fire gode vener frå Nederland...


...er no over...
...og me et ein litt enklare frukost på kjøkenet att...


Good times!

1. aug. 2012

Smuldrepai


Favorittdesserten...

...til dei fleste i heimen...
...er smuldrepai!


Det har blitt ein del smuldrepai i det siste, med friske bær og denne nye, flotte paiforma frå Ib Laursen!

Tusen takk, Tripp og Trapp, som kjøpte den rosa utgåva til meg i Jondal!

30. juli 2012

Roser

Rosa og kvite roser...

...er fordelt i vaser og rom...



...og sola skin!

29. juli 2012

"Grillbrød"

Her kjem eit tips...

...til tilbehør til grillmaten!


Slumpebrød:

3 dl væske (lunka)
1/2 pakke tørrgjær (blå)
1/2 ts sukker

Bland saman og la stå og gjæra i ca. ti minutt

Bland i:

1 ts salt
ein dæsj sammalt kveite, fin
kveitemjøl --> til det er berre bittelitt klissete

La det stå og heva litt til.

Kjevl ut deigen til eit rektangel.

Så kjem sjølve tipset:

Ta ein pakke Apetina Feta med oliven eller soltørka tomater og fordel utover deigen. Du kan legga innhaldet på deigen slik det er, eller hakka det litt opp på førehand. Det er lurt å ikkje ta med all væska, det vert litt for mykje.

Brett inn litt av sidekantana før du ruller deigen saman til eit brød. Gni brødet inn med oljen frå Apetina Feta - pakken.

Steik i omnen, midt i, ca. 210 grader i 15 minutt.... (Du kjenner omnen din best!)


Luftig og saftig brød med smakar som passar perfekt til salat og grillmat!

28. juli 2012

Hardanger 2012

Vel tilbake...

...frå heimtraktene...


...er det kjekt å sjå over nokre bilete frå dei ti dagane med regn, skodde, skyer og litt sol.

19. juli 2012

Bli hvis du kan...

Reis hvis du må...

...er ei utruleg bra bok med utruleg mange temaer.

Vel verdt å lesa!

Eg brukte ein og ein halv dag på boka...

12. juli 2012

Personleg almanakk

Det viste seg...

...å vera veldig kjekt å henta posten i dag!
I staden for rekningar, låg det ein pakke og venta på meg!


Denne har eg bestilt hjå personlig almanakk og er ein lærarutgåve.


Det er fortsatt herleg med sommarferie,
men no vert det endå kjekkare å starta i ny jobb til hausten!


Er ho ikkje fin???

Russiske wienerbrød


Tripp...

...og venninna hennar...
...har laga russiske wienerbrød!

Desse såg eg oppskrift på her.

Dei likna veldig på svigermor si Walesskringle, men likevel var dei ikkje heilt det same.

Dei var kjempegode!

Vel verdt å prøva!

11. juli 2012

Trappeoppgangen

Etter mange timar...

...med malingskostar i ulike storleikar...
...kan eg vel no seia at gangen er 95 % ferdig.


For ei  lita stund sidan kom eg over det lange, store måleriet (kr, 400,-!) på biletet med tanke på å ha det ein annan stad i huset, men her passa det så godt med fargane at ein skulle tru måleriet var bestilt til rommet.

Veldig nøgd med sommarjobben min!

7. juli 2012

Velkomen

Ein liten detalj...

...frå den nymåla gangen...


Skiltet med velkomen fann eg på Nille ein dag, og det same gjeld stjernelyset.
Huset kjennes nytt etter at gangen har hatt ein vekeslang "Happy Day"! 

6. juli 2012

Oreokake

"Mamma!

Nå er det lenge siden vi har hatt Oreokake!"


Og då var det berre å setja i gang og baka til tenåringsfesten i kveld...

Oppskrift:

2 pk oreokjeks
100 gram margarin

Smelt smøret, legg kjeksa opp i og knus dei med potetmosaren...
Legg ein kakefor m utan botn på eit serveringsfat og fyll oreoblandinga i til det vert eit fint og svart "golv".
Sett i kjøleskapet.

200 gr Philadelfia
2,5 dl melis

Bland saman.

1 pk kremfløyte
2 ss sukker.

Pisk.

Bland Philadelfiakremen og kremen saman og legg dette som lag nummer to på kaka.
Sett i kjøeskapet...

1 pk sjokolademousse
2 dl mjølk

Pisk på full guffe til det er luftig. Dette tar ikkje lang tid!
Legg moussen som det tredje laget på kaka. Rasp ei kokesjokolade og hell på toppen.

Sett kaka i kjøleskapet...


- eller server!!!

Teppe med stjerne...

Dette teppet...

...skal snart få ein ny plass å ligga...


Vonar berre at det passar!!!

4. juli 2012

Sommarprosjekt

Den store malejobben...

...er no over halvveis ferdig!


Fargane som vert brukt i dette rommet er kalde og går i gråblått.

Taket, under trappa, lister og møbler: kvitfargen Chi
Den eine veggen: Dråpe
Dei andre veggane:Stratus

Dessutan har eg nokre bilete og eit teppe som eg trur vil passa perfekt.

Off to work (maling)!

Blomelykt

Ei gamal lykt...

...som for lengst har mista glasveggane sine...


...har no fått sommarjobb som blomepotte.

2. juli 2012

Telys

Berre eit lite...

...bilete frå spisestova...


...og telyssamlinga mi...

1. juli 2012

Rundstykker

Dagens morgonsyssel...

...var å baka rundstykker til frukost...
...til ein familie som NYT at det er både sundag og sommarferie...


Formen på gjærbaksten vart populært mottatt av borneflokken.

Assosiasjonar:

kroppen til ei skilpadde
eit molekyl
noko frå planeten Mars
froskeegg...

Ferskare bakst

Nye produkt...

...har entra kjøkenskapa mine...


Vårkveite, med namnet Vinjett, skal vera ekstra fint og ha dei ytterste bakeeigenskapane.
I tillegg fann eg eit heilt nytt produkt for den vanlege bakar, som sto rett ved sida av gjæren i butikken: Nemleg eit middel som skal gjera heimelaga gjærbakst lettare å halda ferskt og mjukt! 

Kjekt med nye varer i butikkhyllene!

29. juni 2012

Sponsor

Populære bloggarar...

...med mange vitjarar...
...har sponsorar som sender dei gåver for at dei skal reklamera for dei på bloggen...


Eg har MAMMA, som stadig vekk har laga noko til både ungane og oss.

Her har ho vore svært så kreativ og laga boksar til å ha blyantar, teip, øyreklokker, spenner e.l. i.
 Alle i familien har fått.
Desse to er Tripp og Vesle Frøken Tresko sine.

Tusen takk!

27. juni 2012

Firkløver

Ein firkløver...

...utanfor døra...


...fanga av eit vakent auge!

26. juni 2012

Red Velvet Cupcakes

Papirbryllaup...

...feira med papptallerkar og papirpynt...
...fekk selskap av raude kjærleiksmuffins:

Red Velvet Cupcakes.


3, 5 dl sukker
2 egg
Pisk eggedosis

Bland i:
1/2 dl kremfløte
ca. 1/2 ts raud konditorfarge frå Wilton
3,5 dl kveitemjøl
1 ss kvitvinseddik
1 ts natron
0,5 ts salt
1 ss kakaopulver
3 ss vaniljesukker
1 dl matolje
2 dl rjome


Dersom du brukar amerikanske muffinsformar, får du ca. 15 stk ut av denne røra. Ikkje fyll i så mykje som eg gjorde (sjå bilete), for det esar over sine bredder i omnen...

Steik ved 175 grader Celsius i ca. 15 minutt.

Muffinsane er gode som dei er, men vil du ha noko på toppen, passar det med "gulrotkakekrem" eller Marshmallowfrosting, som eg har nytta. Fint med litt melisdryss også. 


Alle muffinsar: still opp og avgarde til papirbrudeparet (25/6)!

25. juni 2012

Kremmerhuset

Eg har hive meg på...

...komkurransebølgja...
...og no er det Kremmerhuset som har ein konkurranse som fanga interessa mi.

Lag ein collage med saker ein kunne ynskja seg til ein maxpris på kr. 2.500,-



Dette som eg har samla på ynskjelista mi kjem på kr. 2.497,-, så eg er ganske så nøgd.

Håpar eg vinn....

Mini-marshmallows

Endeleg...

...fann eg desse mini-marshmallowsane...
...på butikken...


...og dei passa perfekt oppi kaffikoppen min!


Good times...

24. juni 2012

Jonsokmuffins

Mitt bidrag til fellesmaten...

...på jonsokfeiringa i går...
...var vaniljemuffins....
...med eit bringebær i.


Det lukta bringebærsyltety på kjøkenet då dei sto i omnen og steikte...


...og dei vart ganske så sommarleg fine også...
Håpar dei smakte...!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...