30. apr. 2012

Nydeleg vær i går...

...og kjekt med besøk...


...som likar bollane mine...


...med og utan pyntesukker og melis!

29. apr. 2012

Favorittmusikken min...

...Jarle Bernhoft...

...står på i fleire timar i døgnet!

28. apr. 2012

Grovt rugbrød...

...laga på surdeig...


...med ein touch of Love ein laurdagskveld......
Det er så kjekt...

...med venninner som reiser til Sverige...

 

...og tar med seg det beste eg veit tilbake...:

valnøtter i akaciehonning...

27. apr. 2012

Heimelaga polarbrød...

...etter tips frå ei god venninne...


...smakte fabelaktig med pålegg...


...og gjorde seg også godt som pizzabotn til små porsjonspizzaer!

Oppskrift på polarbrød:
Bland saman alt det tørre:
1 pk tørrgjær
50 g sukker
1 ts salt
100 g havregryn, finmalt!
ca. 400 g kveitemjøl
ca. 400 g sammalt kveite, fin

Det våte:
3 dl mjølk
2,5 dl vatn
1 dl olje

Bland saman. Deigen skal vera litt klissete før du set han til heving.

Deigen held til ca. 18 polarbrød. Stikk dei med ein gaffel!

Steik dei på 210 grader, til dei såvidt har fått litt farge. Avkjøl på rist, under eit kjøkenhandkle, og legg dei i plast så fort dei er avkjølte.

Håpar dei vert gode!
Kva er vel betre...

...enn å reisa på bading med dei to minste...


...og så koma heim til nysteikte sveler...
...laga av Tripp og veninna...!

26. apr. 2012

Raude..,

...flotte blomar...


...pyntar opp i midtstova.

25. apr. 2012

Lasagnen...

("Det som er bedre enn pizza, mamma! Sitat: Trapp)

...varte til to middagar...


...til glede for både liten og stor.
.

24. apr. 2012

 Nye muffinsformer...

...måtte testas ut.


Vesle Frøken Tresko og besteveninna forma søte, små rundstykker...


...som passa perfekt oppi dei blomeforma,
ROSA,
silikonformene.

23. apr. 2012

Verdas beste...

...kvardagsfrukost, etter min smak!


Dessuten får han "ganske bra" - karakter på

22. apr. 2012

Hyggjeleg besøk...

...av tre landeveisfararar...


...resulterte i nydelege, rosa blomar...


...som passa perfekt i blomevasen frå SIA, som me fekk i bryllaupsgåve for mange år sidan...
Tusen takk!

21. apr. 2012

Stort brød...

...steikt i leirgryte...


...smakte godt til lunsj i dag, og det er fortsatt mykje att av det.

Brødet er laga på 8 dl væske.

Eit supert familiespel...

...for alle som har litt større born!


Taktikk...
Stategi...
Lesa og forstå...
Tar litt tid...

Tripp = supert
Trapp = med visse forutsetningar, slik som: rette humøret og hjelp frå mamma...
Tresko = vil halda og leika med korta...

20. apr. 2012

Tripp og Trapp...

...har begge hatt så lyst til å laga noko godteri
som dei har sett ein stad og ikkje greidd å gløyma...


Tripp: Oreokuler dyppa i sjokolade... Inspirasjon: Youtube...

Trapp: Bananbitar dyppa i sjokolade... Inspirasjon: gatekiosk i Kiel...

19. apr. 2012

Veldig små og søte muffins...

...i pakke på fire...


...vart med heim frå butikken i dag.

Sitronsmak... påskestemning....

18. apr. 2012

Dette biletet...

...har eg sett i svært mange heimar her i området...
...med og utan fargar...

...og fint er det!
Vesle frøken Tresko...

...har ein skikkeleg koseleg krok på rommet sitt...
...med vindauge ut til takterrassen...


...der ho har sjølvvalde pynteartiklar...


...og ein plakat av seg sjølv.
(Fotograf: Tripp.)

17. apr. 2012

Tripp...

...har satt sitt personlege preg på rommet sitt...


...og opna dyrepark på bjelkane i taket...

16. apr. 2012

Trapp...

...har fått nok av hulebuartilværet sitt under kneveggen...


...og fått seg seng under stjernehimmelen...

15. apr. 2012

Gucci

Parfymen min...

...er snart tom...

Det er snart på tide at min betre halvdel tar seg nok ein tur til København og oppsøker den heller så feminine utgåva av eit hankjønn i ein tax-freebutikk, som ga han ein uforgløymeleg leksjon i parfyme, og som han til slutt kjøpte denne av...! Hi-hi!!!
Porsjonsbrød...

...eller veldig store rundstykker...


...sjølvsagt fletta...

...vart dagens frukost, sidan enkelte småtroll står tidlegare opp i helgene enn på vekedagar...

...og nistematen er også sikra nokre dagar framover...


God sundag!

14. apr. 2012

Zebrabollar

Zebrabollar...

...til laurdagskos i dag!


Godt med litt melis på toppen!

Det er fleire som har laga stripete bollar!

13. apr. 2012

Nye knoppar...

...på gamal orkidé...

...møter oss i gangen når me kjem heim frå dagens plikter.

12. apr. 2012

Kaffimaskina mi...

...serverer meg
dark roast eller medium roast
Senseokaffi...


...kvar einaste dag...

11. apr. 2012

Flette med fem...

Utruleg enkelt når ein fyrst kan det!


Dette flettebrødet fekk bein å gå på inntil suppa me hadde til middag i dag.


Alt ein kan læra på YouTube, altså... Flette med fem!

10. apr. 2012

Kveldsmaten...

...vart populær i dag...


...og heldigvis vart det rundstykker og flettebrød att til frukost og nistemat i morgon også!

9. apr. 2012

I kategorien verdas finaste musikk...

...er Gjermund Larsen ein soleklar deltakar...


...med melodiar som
  • Midnattsdrøm
  • Arrivals og
  • Menuett...
Balsam for sjela....

7. apr. 2012

Påske på Alsåker...

...med flott utsikt og nydeleg vèr i dag...


...og nok ein herleg skogtur...


...på mjuk, mosegrodd skogbunn!

6. apr. 2012

Påske 2012

Skogtur i Hardanger...

...med pinnebrød og krydderkake på bålet...


...og flotte stiar, som denne allèen her.
!

I tillegg fekk me selskap av kjekke naboar!

Det spirer...

...på det japanske kirsebærtreet...


...eg planta på plenen i fjor!

5. apr. 2012

Påskeferien...

 ...er i gang...

...med påskeegg...

 ...påskemarsipan frå Hval...

 ...og påskemuffins.

God påske!

4. apr. 2012

Appelsinmuffins...
(med ein liten harepus på toppen)

...i påskesola...


Desse er ikkje noko særleg søte,
(kun appelsinjuice og banan som søtningsmiddel),
før melisen kjem på toppen!

Perfekte til ein formiddagskaffi...

Oppskrift finn du her.

3. apr. 2012

Pasta med scampi og romescosaus...

...frå Coop-kalenderen...


...var akkurat det me hadde lyst på.

Innhold:
mandlar,
sjalottlauk,
kvitlauk,
chili,
tomater,
paprika,
vatn,
salt og pepper,
scampi,
fullkorsnpasta,
krutonger,
parmesan,
persille.

2. apr. 2012

Heime frå minicruise...

Oslo - Kiel - Oslo...


...der Tripp fekk ein spesiallaga drink som smakte utsøkt for ein ungdomsgane...:


...Trapp brukte opp alle pengane sine på spelrommet saman med nyvunne vener...:


...og vesle Frøken Tresko vart kompis med den kjekke klovnen og fekk eit rosa hjarte av han...:


...og alle var eininge om at me hadde hatt ein fin tur...!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...