29. juni 2012

Sponsor

Populære bloggarar...

...med mange vitjarar...
...har sponsorar som sender dei gåver for at dei skal reklamera for dei på bloggen...


Eg har MAMMA, som stadig vekk har laga noko til både ungane og oss.

Her har ho vore svært så kreativ og laga boksar til å ha blyantar, teip, øyreklokker, spenner e.l. i.
 Alle i familien har fått.
Desse to er Tripp og Vesle Frøken Tresko sine.

Tusen takk!

27. juni 2012

Firkløver

Ein firkløver...

...utanfor døra...


...fanga av eit vakent auge!

26. juni 2012

Red Velvet Cupcakes

Papirbryllaup...

...feira med papptallerkar og papirpynt...
...fekk selskap av raude kjærleiksmuffins:

Red Velvet Cupcakes.


3, 5 dl sukker
2 egg
Pisk eggedosis

Bland i:
1/2 dl kremfløte
ca. 1/2 ts raud konditorfarge frå Wilton
3,5 dl kveitemjøl
1 ss kvitvinseddik
1 ts natron
0,5 ts salt
1 ss kakaopulver
3 ss vaniljesukker
1 dl matolje
2 dl rjome


Dersom du brukar amerikanske muffinsformar, får du ca. 15 stk ut av denne røra. Ikkje fyll i så mykje som eg gjorde (sjå bilete), for det esar over sine bredder i omnen...

Steik ved 175 grader Celsius i ca. 15 minutt.

Muffinsane er gode som dei er, men vil du ha noko på toppen, passar det med "gulrotkakekrem" eller Marshmallowfrosting, som eg har nytta. Fint med litt melisdryss også. 


Alle muffinsar: still opp og avgarde til papirbrudeparet (25/6)!

25. juni 2012

Kremmerhuset

Eg har hive meg på...

...komkurransebølgja...
...og no er det Kremmerhuset som har ein konkurranse som fanga interessa mi.

Lag ein collage med saker ein kunne ynskja seg til ein maxpris på kr. 2.500,-



Dette som eg har samla på ynskjelista mi kjem på kr. 2.497,-, så eg er ganske så nøgd.

Håpar eg vinn....

Mini-marshmallows

Endeleg...

...fann eg desse mini-marshmallowsane...
...på butikken...


...og dei passa perfekt oppi kaffikoppen min!


Good times...

24. juni 2012

Jonsokmuffins

Mitt bidrag til fellesmaten...

...på jonsokfeiringa i går...
...var vaniljemuffins....
...med eit bringebær i.


Det lukta bringebærsyltety på kjøkenet då dei sto i omnen og steikte...


...og dei vart ganske så sommarleg fine også...
Håpar dei smakte...!



23. juni 2012

Dekortips frå ein treåring

Dekortips frå vesle frøken Tresko...

...består av nyinnkjøpte plaster i flotte fargar og mønstre frå H&M.


Desse tar ein altså ut av pakken, drar vekk alle papira frå limen og plastrar handtaka på skuffane på kjøkenet. For å setta sitt personlege preg på dekoren, treng ikkje alle vera klistra vassrett på.

Håpar nokon dreg nytte av dette fantastiske tipset frå minstejenta i huset.

:-) og <3

22. juni 2012

Italiensk pizza

"Ekte" italiensk pizza...

...var Trapp sitt store ynskje for dagen etter at han var i bursdag i går og fekk verdas beste pizza av naboen! Då måtte eg til å laga nokre tynne, italiensk-look-alike smaksbomber...

Pizzadeig:
1 pakke pizzagjær
1 ts salt
3,5 dl lunka vatn
kveitemjøl

Del deigen i fire og la dei kvila litt før du kjevler dei ut.


Det er mange måtar å starta å fylla pizzaen på.
Her kjem nokre forslag:

Forslg 1:
Pizzasaus på glas.

Forslag 2:
Del tomater i to og pirk bort kjernene. Legg dei i ein foodprosessor/blender ilag med basilikumblader og knus dei. Du kan godt ta litt maldonsalt oppi også. Legg dette på pizzabunnen.


Forslg 3:
Smør pizzadeigen med Tine Kremost (urter/krydder/pepper)

Forslag 4:
Kombiner forslag 2 og forslag 3.


Etter at du har bestemt deg for korleis du vil starta, må du tenka på kva du likar å ha på. Her kjem nokre forslag:
pepperoni, spekeskinke + blåskimmelost, kyllingkjøt i småbitar, nokre kjøttdeigbitar, champinong, strimler av biffkjøt...

Trapp hadde lyst på pepperoni, så då vart det pizzasaus + pepperoni + ost til dei minste.
I tillegg lagde eg pizza med smøreost, tomater+basilikum, spekeskinke + blåskimmelost og ost.


Eg er så heldig å ha pizzafunksjon på steikeomnen min (juhuu!), og det betyr at pizzaen steiker ved 250 grader i 12 minutt.

 Hugs at bunnen skal vera tynn og ha sprø kantar!


På toppen må ein ha litt ost og kanskje litt pizzakrydder...

21. juni 2012

Montering av bilete

Eg må senda ein stor takk...

...til bloggaren som har introdusert meg til photoscape...
...og gitt meg mange nyttige tips...


Bloggen heiter FABELAKTIG og her er linken til photoscapetipsa.

Markblomar

Dei finaste markblomane..

...blåklokker...prestekrager...


...vert plukka av vesle Frøken Tresko og tante-tante...
...og gjer seg godt oppi eit Noregsglas!

20. juni 2012

Wraps

Sommarmiddag...

...som passar i handa...
...ute i hagen...


Wraps med diverse innhald er eit hyppig ynskje frå Tripp og Trapp. Favorittinnhaldet er ei blanding laga av:

steikte kyllingbitar (ca. to filetar)
1/2 isbergsalat
2 - 3 vårlauk
1 raud paprika
1 beger kesam
ca. 100 gram raspa gulost
basilikum eller timian eller oregano eller....
salt og pepper

Smør seks tortillalefser med Tine  kremost (naturell, krydder, pepper eller urter)

Fyll og pakk!


Gler meg til å laga wraps med laks! Det trur eg kan verta skikkeleg godt!

19. juni 2012

Devils Food Cake

Ei mørk og farleg...

...god sjokoladekake....


...så lenge ho er romtemperert!

Det gjeld for denne kaka, som alle andre kaker som er laga på smør: Ho skal ikkje oppbevarast i kjøleskap!

18. juni 2012

Noregsglas og telys

Når ein kikkar på...

...alle dei flotte bloggane som fins ute på nettet...
...finn ein ofte noko som appellerer til ein sjølv...
...og av og til noko som er lett å kopiera.


Slik som dette store Noregsglaset som eg fekk romma nesten heile telyslageret mitt oppi.


PS: Det grøne båndet er med overalt, for det er det einaste eg har....

17. juni 2012

Sitronpai

Sitronpai...

...har lenge vore i tankane mine.

Denne har eg nemleg laga ein gong før, for mange år sidan...


...og då det var bursdag i heimen, fekk eg høve til å både laga og servera denne utruleg gode dessertpaien.

Her kjem oppskrifta:

Paideig:
125 gram kveitemjøl
2 ss sukker
60 gram smør
1 ss finrive sitronskal
2 ss sitronsaft (eller meir om det trengs)
1 eggekvite

Sitronfyll:
finrive skal og saft av ein sitron
100 gram sukker
2 små egg
125 gram smør

Marengs:
3 eggekviter
100 gram sukker

Slik gjer du det:
Lag paideigen og legg han i kjøleskapet.
Lag sitronfyllet, ta i smøret til slutt.
Press paideigen utover og opp langs kantane av ei paiform.
Steik paideigen i omnen i ca. 10 minutt.
Lag marengsen.
Fyll sitronfyllet i paien og steik vidare i ca. 10 minutt.
Sleng marengsen på toppen av sitronfyllet, slå varmen ned til 150 grader og steik vidare i 10-15 minutt til marengsen er gyllen.


Dette er ein utruleg frisk og lett dessertpai som eg garantert kjem til å laga fleire gongar i sommar!



Bordkort

Mange bloggarar...

...har utfordringar...

I dag kom eg over ei utfordring om bordkort!


Dette er mitt eige bordkort frå eit sommarbryllaup på heimgarden min i Hardanger for to år sidan. Bryllaupet var rett ved fjøresteinane, som også fungerte som bordkort. 

DIY - telys

Endeleg...

...har eg forstått kva DIY står for...


...og fann ut at eg hadde mange DIY-saker i huset.

Dette er eit lite glas det har vore tomatpure i, med eit grønt bånd rundt.

16. juni 2012

Amerikanske pannekaker

Tripp...

...har bursdag i dag!


Frukost for ein trettenåring:

AMERIKANSKE PANNEKAKER
MED AKACIEHONNING!


Pisk tre eggekviter stive

Bland i ein liten bolle:
3 eggeplommer
2 dl kveitemjøl
1 stor teskei bakepulver
1 1/2 dl mjølk
1 klype salt

Hell denne blandinga oppi eggekvitene og rør det forsiktig saman.

Steikast på steikeplate eller i steikepanne (må ha litt smør i panna!)

Etast med til dømes akaciehonning, sirup, bananbitar, syltety eller bacon...


Duftljos

Det er helg...

...regnet trommar på takvindaugene...


...og inne brenn dei nye duftljosa
som ropte: "kjøp meg!" på butikken i går...

Du kan også sjå biletet under månadens utfordring på denne bloggen.

14. juni 2012

13. juni 2012

Når opphavet kjem på besøk...

...må ein imponera med skikkeleg middag...:-)

Fiskegryte:
  • smør/margarin i panna
  • persille og dill nederst i panna
  • 600-700 gram torskeloins frå Isbilen (delt i to for anledningen) med salt og pepper
  • ei fin suppe av 2 dl vatn, 1 dl matfløte, 2 ss sitronsaft og 2 ss kveitemjøl hellast over
  • så skal det småkoka til fisken er kokt
  • smak til sausen med salt/pepper/sukker
  • dryss over persille/dill og server i panna


 I tillegg er det godt med smørsteikte aspargesbønner...


...poteter og sukkererter som er kokt i eitt minutt.

Det var dagens middag...

12. juni 2012

Ei lita prinsesse...

...og blomebuketten hennar...


...på jenterommet.

11. juni 2012

Verdas beste venninne...

...med verdas beste smak i kaffi og tilbehør...
...ga meg ein ny favorittkaffikopp på laurdag...


...i den heilt perfekte storleiken...
(Ho kjøpte han på Søstrene Grene!)


10. juni 2012

Fotballcupen...

...i Skien er overstått...


..og det beste av alt var pokal, diplom
og at Trapp scora MÅL!!!
Vesle frøken Tresko...

...var veldig søt...


...i denne kjolen...
...i bursdagsselskapet i dag.

9. juni 2012

Grillkveld med jobben...

...og med heim...


...kom desse nydelege pionane...

Tusen takk!

Eg trur eg må planta ein pion i hagen i sommar!

8. juni 2012

Rein energi...

...i glas...


...etter jobb og før ei innhaldsrik helg...

7. juni 2012

Grove brødruter...

...laga på "gefühlen"...


...smakte ganske bra med pålegg på.

6. juni 2012

Tripp...

...kokkelerte på kjøkenet...


...og plutseleg fekk eg denne flotte smoothien servert...

(Dette er frynsegoden ved å ha store, snille og flinke døtre...)

Borneselskapet...

...er overstått...


...med ei oppeten sjokoladekake...


...og blomane like heile...

5. juni 2012

Brasert hjartesalat...

...passar svært godt inntil
 ein sitronmarinert kyllingfilet!


This is how you do it...:

Kjøp hjartesalat på butikken
Skjær vekk litt av stilken og blad som er stygge.
Legg dei i ein ildfast form.
Lag litt kyllingbuljong og hell over.
Dryss på timian, salt og pepper.
Dekk med aluminiumsfolie.
Steik i omnen i 20 minutt, ved 200 grader.

4. juni 2012

Kveldsmaten...

...måtte delast broderleg...


...for eg burde nok ha kjøpt to av
desse på butikken i dag!

3. juni 2012

Bollar...

...med Nugatti i svingane...
...rett frå omnen...


...servert på trampolina i dag...
...like populært for alle...
...frå 1 til 8 år...
...og 12 (nesten 13!!!)  til 35 år...

Dei kvite blomane...

...fungerte som ugras mellom oktoberrosene...


 ...men her inne...


...danna dei ei fin seng til nellikane
som har overlevd vekene sidan 17. mai.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...