30. juli 2012

Roser

Rosa og kvite roser...

...er fordelt i vaser og rom...



...og sola skin!

29. juli 2012

"Grillbrød"

Her kjem eit tips...

...til tilbehør til grillmaten!


Slumpebrød:

3 dl væske (lunka)
1/2 pakke tørrgjær (blå)
1/2 ts sukker

Bland saman og la stå og gjæra i ca. ti minutt

Bland i:

1 ts salt
ein dæsj sammalt kveite, fin
kveitemjøl --> til det er berre bittelitt klissete

La det stå og heva litt til.

Kjevl ut deigen til eit rektangel.

Så kjem sjølve tipset:

Ta ein pakke Apetina Feta med oliven eller soltørka tomater og fordel utover deigen. Du kan legga innhaldet på deigen slik det er, eller hakka det litt opp på førehand. Det er lurt å ikkje ta med all væska, det vert litt for mykje.

Brett inn litt av sidekantana før du ruller deigen saman til eit brød. Gni brødet inn med oljen frå Apetina Feta - pakken.

Steik i omnen, midt i, ca. 210 grader i 15 minutt.... (Du kjenner omnen din best!)


Luftig og saftig brød med smakar som passar perfekt til salat og grillmat!

28. juli 2012

Hardanger 2012

Vel tilbake...

...frå heimtraktene...


...er det kjekt å sjå over nokre bilete frå dei ti dagane med regn, skodde, skyer og litt sol.

19. juli 2012

Bli hvis du kan...

Reis hvis du må...

...er ei utruleg bra bok med utruleg mange temaer.

Vel verdt å lesa!

Eg brukte ein og ein halv dag på boka...

12. juli 2012

Personleg almanakk

Det viste seg...

...å vera veldig kjekt å henta posten i dag!
I staden for rekningar, låg det ein pakke og venta på meg!


Denne har eg bestilt hjå personlig almanakk og er ein lærarutgåve.


Det er fortsatt herleg med sommarferie,
men no vert det endå kjekkare å starta i ny jobb til hausten!


Er ho ikkje fin???

Russiske wienerbrød


Tripp...

...og venninna hennar...
...har laga russiske wienerbrød!

Desse såg eg oppskrift på her.

Dei likna veldig på svigermor si Walesskringle, men likevel var dei ikkje heilt det same.

Dei var kjempegode!

Vel verdt å prøva!

11. juli 2012

Trappeoppgangen

Etter mange timar...

...med malingskostar i ulike storleikar...
...kan eg vel no seia at gangen er 95 % ferdig.


For ei  lita stund sidan kom eg over det lange, store måleriet (kr, 400,-!) på biletet med tanke på å ha det ein annan stad i huset, men her passa det så godt med fargane at ein skulle tru måleriet var bestilt til rommet.

Veldig nøgd med sommarjobben min!

7. juli 2012

Velkomen

Ein liten detalj...

...frå den nymåla gangen...


Skiltet med velkomen fann eg på Nille ein dag, og det same gjeld stjernelyset.
Huset kjennes nytt etter at gangen har hatt ein vekeslang "Happy Day"! 

6. juli 2012

Oreokake

"Mamma!

Nå er det lenge siden vi har hatt Oreokake!"


Og då var det berre å setja i gang og baka til tenåringsfesten i kveld...

Oppskrift:

2 pk oreokjeks
100 gram margarin

Smelt smøret, legg kjeksa opp i og knus dei med potetmosaren...
Legg ein kakefor m utan botn på eit serveringsfat og fyll oreoblandinga i til det vert eit fint og svart "golv".
Sett i kjøleskapet.

200 gr Philadelfia
2,5 dl melis

Bland saman.

1 pk kremfløyte
2 ss sukker.

Pisk.

Bland Philadelfiakremen og kremen saman og legg dette som lag nummer to på kaka.
Sett i kjøeskapet...

1 pk sjokolademousse
2 dl mjølk

Pisk på full guffe til det er luftig. Dette tar ikkje lang tid!
Legg moussen som det tredje laget på kaka. Rasp ei kokesjokolade og hell på toppen.

Sett kaka i kjøleskapet...


- eller server!!!

Teppe med stjerne...

Dette teppet...

...skal snart få ein ny plass å ligga...


Vonar berre at det passar!!!

4. juli 2012

Sommarprosjekt

Den store malejobben...

...er no over halvveis ferdig!


Fargane som vert brukt i dette rommet er kalde og går i gråblått.

Taket, under trappa, lister og møbler: kvitfargen Chi
Den eine veggen: Dråpe
Dei andre veggane:Stratus

Dessutan har eg nokre bilete og eit teppe som eg trur vil passa perfekt.

Off to work (maling)!

Blomelykt

Ei gamal lykt...

...som for lengst har mista glasveggane sine...


...har no fått sommarjobb som blomepotte.

2. juli 2012

Telys

Berre eit lite...

...bilete frå spisestova...


...og telyssamlinga mi...

1. juli 2012

Rundstykker

Dagens morgonsyssel...

...var å baka rundstykker til frukost...
...til ein familie som NYT at det er både sundag og sommarferie...


Formen på gjærbaksten vart populært mottatt av borneflokken.

Assosiasjonar:

kroppen til ei skilpadde
eit molekyl
noko frå planeten Mars
froskeegg...

Ferskare bakst

Nye produkt...

...har entra kjøkenskapa mine...


Vårkveite, med namnet Vinjett, skal vera ekstra fint og ha dei ytterste bakeeigenskapane.
I tillegg fann eg eit heilt nytt produkt for den vanlege bakar, som sto rett ved sida av gjæren i butikken: Nemleg eit middel som skal gjera heimelaga gjærbakst lettare å halda ferskt og mjukt! 

Kjekt med nye varer i butikkhyllene!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...