29. jul. 2012

"Grillbrød"

Her kjem eit tips...

...til tilbehør til grillmaten!


Slumpebrød:

3 dl væske (lunka)
1/2 pakke tørrgjær (blå)
1/2 ts sukker

Bland saman og la stå og gjæra i ca. ti minutt

Bland i:

1 ts salt
ein dæsj sammalt kveite, fin
kveitemjøl --> til det er berre bittelitt klissete

La det stå og heva litt til.

Kjevl ut deigen til eit rektangel.

Så kjem sjølve tipset:

Ta ein pakke Apetina Feta med oliven eller soltørka tomater og fordel utover deigen. Du kan legga innhaldet på deigen slik det er, eller hakka det litt opp på førehand. Det er lurt å ikkje ta med all væska, det vert litt for mykje.

Brett inn litt av sidekantana før du ruller deigen saman til eit brød. Gni brødet inn med oljen frå Apetina Feta - pakken.

Steik i omnen, midt i, ca. 210 grader i 15 minutt.... (Du kjenner omnen din best!)


Luftig og saftig brød med smakar som passar perfekt til salat og grillmat!

2 kommentarer:

Ina sa...

Nyydeleg:-)

Anonym sa...

Blir så sulten....

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...