6. jul. 2012

Oreokake

"Mamma!

Nå er det lenge siden vi har hatt Oreokake!"


Og då var det berre å setja i gang og baka til tenåringsfesten i kveld...

Oppskrift:

2 pk oreokjeks
100 gram margarin

Smelt smøret, legg kjeksa opp i og knus dei med potetmosaren...
Legg ein kakefor m utan botn på eit serveringsfat og fyll oreoblandinga i til det vert eit fint og svart "golv".
Sett i kjøleskapet.

200 gr Philadelfia
2,5 dl melis

Bland saman.

1 pk kremfløyte
2 ss sukker.

Pisk.

Bland Philadelfiakremen og kremen saman og legg dette som lag nummer to på kaka.
Sett i kjøeskapet...

1 pk sjokolademousse
2 dl mjølk

Pisk på full guffe til det er luftig. Dette tar ikkje lang tid!
Legg moussen som det tredje laget på kaka. Rasp ei kokesjokolade og hell på toppen.

Sett kaka i kjøleskapet...


- eller server!!!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...