27. apr. 2012

Heimelaga polarbrød...

...etter tips frå ei god venninne...


...smakte fabelaktig med pålegg...


...og gjorde seg også godt som pizzabotn til små porsjonspizzaer!

Oppskrift på polarbrød:
Bland saman alt det tørre:
1 pk tørrgjær
50 g sukker
1 ts salt
100 g havregryn, finmalt!
ca. 400 g kveitemjøl
ca. 400 g sammalt kveite, fin

Det våte:
3 dl mjølk
2,5 dl vatn
1 dl olje

Bland saman. Deigen skal vera litt klissete før du set han til heving.

Deigen held til ca. 18 polarbrød. Stikk dei med ein gaffel!

Steik dei på 210 grader, til dei såvidt har fått litt farge. Avkjøl på rist, under eit kjøkenhandkle, og legg dei i plast så fort dei er avkjølte.

Håpar dei vert gode!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...