Sola skin...
...og då vert det ein solsalat til middag...
Denne er laga på:
ymse salattypar, egg, appelsin, krydra biffstrimlar og balsamicosirup.
Og til kveldsmat vart det ein grøn smoothie,
som var meir sunn enn god, men ikkje så verst likevel når smakslaukane hadde vendt seg til smaken.
2 dl eplejuice
1 ts ingefærknoll
1 liten, moden avokado
1 dl spinat (eg hadde slike fryste spinatterningar i frysaren!)
1 ss hasselnøtter
6 isbitar
PS: Det er lurt å starta med det våte når du fyller opp i blenderen. Då er det lettast å få alt skikkeleg most utan at det set seg fast og du må nedi med slikkepotten og ordna litt!
Bland alt til ein fin mos!
Sunn appetitt!