31. mars 2012

God påske!

No reiser me på ein liten miniferie, og denne karen, kompisen til vesle Frøken Tresko,  passar på huset i mellomtida!


Plutseleg tilbake!

30. mars 2012

Røykt svinekoke...

...kokt og kokt og kokt...


...er utruleg behageleg å laga til middag når ein også har lyst til å gjera litt i huset, henta småtroll i barnehagen og lesa bok...
Veldig godt!
Råkostsalat...

...med gulrot, eple, sitronsaft og bittelitt sukker...


...får fiskemiddagen til å bli fargerik og flott!
Tripp har hatt besøk...

...av kakebakeveninna si!


Sjokoladekake med nøtter!

28. mars 2012

Oppskriftsboka mi...

...er veldig godt brukt...


...og stadig vekk skriv eller limer eg inn oppskrifter...


...som eg får, har gode erfaringar med eller som eg har med meg heimefrå...


Borneteikningar på ledige plassar får fram minner frå fleire år tilbake. Her er det Tripp, 4 år (no snart 13), som har teikna.
Rundstykker...

...både som snurringar...


 ...og som blomeblad...


...er veldig populært til nistemat...
og veldig kjekt for mor i huset å baka......!

26. mars 2012

Tidleg middag...,

...altså sunne vaflar til kveldsmat for aktive og svoltne born.


Desse er laga på sammalt kveite fin, havregryn, egg, mjølk, bakepulver, vaniljesukker og litt søtningsmiddel i form av Splenda. Syltety og kesam vanilje gjer vaflene søte nok som kveldsmåltid ein mandags kveld.
Snøklokker...

...spadd opp på Alsåker i Hardanger, frakta over Haukeli og planta på Akkerhaugen for mange år sidan...


...blømer trufast kvar einaste vår.

Barndomsminne og Bestaminne...

25. mars 2012

Turdag...

...for liten og stor.


God tid, mykje å sjå på, mat og KvikkLunsj.


Og ein treåring som har gått sin aller fyrste, lange topptur. Ruta var Damtjønn - Vardåsen (grilling og sjokolade) - Akkerhaugen, ca. 12 kilometer.
Hjortegryte...

...til både laurdags- og sundagsmiddag.


Hjorten har hatt sin heim i skogen i Hardanger, og resten av ingrediensane er som fylgjer:

gulrot
erter
sopp
einebær
kveitemjøl
seterrømme
mjølk
vatn
salt
pepper
sukker
Maizena brun jevner
sukkerkulør
tyttebærsyltety

Inntil gryta: Poteter og eventuelt andre grønsaker (brokkoli, eller rosenkål med baconbitar) + tyttebærsyltety.

24. mars 2012

Ein pitstop...

....på Kongsberg i dag...


...med gresk salat og cappuccino i solsteiken.
Herleg!
Vårfornying...

Vinterskoa er bytta ut med noko lettare...


...og sjalet...
...var også nødvendig...

22. mars 2012

Dei nyaste favorittane mine...

...i butikkhyllene, kjem frå Wasa!


Funkar som mellommåltid, godteri og dessert.

21. mars 2012

Ungane har dilla...

... på heimebakt brød!


Eit lite brød går med til kvart måltid, og i dag måtte Tresko til og med  ha med seg eit brød til barnehagen!
Ein tur i skogen...

...medan Trapp er på fotballtrening...

...er veldig godt!

20. mars 2012

Tre av mine gode vener...

...på kjøkenet!

To av dei er gamle vener og den nyaste er pizzagjæren. Kjekke vener å ha!

19. mars 2012

Våren har kome...

...til Akkerhaugen!


Blant tørt gras og gamle blad frå haustens siste dagar, dukka desse blå blomane opp, tett inntil eit gjerde.

18. mars 2012

Små hjarteformer..

...i silikon...

...er supre å baka banankake i ein sundags morgon.

17. mars 2012

Morgonaktivitet...

ein tidleg laurdag...
...for småbornsmødre.


Etter litt prøving og mykje feiling, og ei latterkrampe, fekk eg endeleg til å fletta med seks remser. Det var visst berre å fylgja forklaringa slavisk utan å tenkja som skulle til!!!

Sjå her for IQ-testen!

16. mars 2012


...på brøddeig.

Veldig morosamt!
Fredag...

...er ein super dag!


Tidleg ferdig på jobb og tid til litt anna enn dei andre dagane i veka...

15. mars 2012

Trappa opp til loftet...

...med nymalt rekkverk...


Huset vert ljosare og ljosare innvendig!

14. mars 2012

Min nye favorittplass...

...i huset...


...er i den nymalte stova.

13. mars 2012


...etter fotballspel på plenen...


...er perfekt for ein sjuåring og ein treåring!
Ny bok...

...som skal lesast ute på takterrassen...

...i vårsola, i ledige stunder.

12. mars 2012

Orkidèane...

...set farge på tilværet...


...og så er det så moro når dei spirer på nytt!

11. mars 2012

Dagens store oppgåve...

...har vore å skriva brev til Sigit...


...i Indonesia, som har vore fadderbornet vårt i to år.
Kjekk gut!
Frukostdessert...

...og ei god bok på ein sundag...


...med Disney, Spotify og dokkeleik i bakgrunnen!

10. mars 2012

Gevinsten er ferdig...

...og me er klare for Marknadsdagen på Gvarv i dag.


Lurar på kven som vinn gevinsten vår på loddsalet til Speider'n!

9. mars 2012

Lunsj på jobb...

...er veldig koseleg!


Alle bidrar med noko, og lunsjbordet ser plutseleg utruleg spanande ut!
På mandag er det tilbake til matpakka...

8. mars 2012

Baconsnurra...

...kyllingfiletar er utruleg godt!


Fullkornsris, salat og heimelaga saus gjorde susen!

7. mars 2012

Eksperimentering...

...i brødbaking...


Ljos deig og grov deig lagt oppå kvarandre og rulla saman til eit brød. Brødet passa supert til paien som vart dagens middag.


Litt av deigen vart nytta til rundstykker, forma som trekløver, to ljose og eit grovt "blad".

Nymalt tak...

...og nymalte veggar.


Tak og lister: Eggekvit, vatnbasert maling for panel. Under: to lag med grunning - som var heilt nødvendig på godt gulna treverk!

To veggar: Hvit Narciss. Rommet heng saman med etasjen over, difor var det fint å ha same fargen ned trappa til dette rommet. Fargen passar fint saman med Lys Toscana (som er svært umoderne har eg blitt fortalt!) som er på dei to andre veggane i rommet.

Lampa: Gjenbruk... Ho er rett og slett flytta frå eit anna rom. Her passa ho perfekt!

6. mars 2012

Ei uventa gåve...

...frå nokre utruleg greie folk...


Buketten er laga av jentene på
Blomsterstemning i Bø. Dei er flinke dei!

5. mars 2012

Grøn suppe...
...laga på alt det grøne eg fann i kjøleskapet.

Steikte kyllingbitar og rjomme, samt sveitsisk bondebrød med smør, fekk alle til å verta mette.
I suppa:
  • brokkoli
  • romanesco
  • stangselleri
  • purre
  • salt og pepper
  • vatn+kyllingbuljong
  • litt mjølk/fløyte
Kok og mos og smak!

4. mars 2012

Kremfløyte...

...som går ut på dato...


...gir meg ein ypperleg sjanse
til å laga vaniljemuffins
til sundagsdessert...

Tidleg oppe...

Då vert det rundstykker til frukost (brunsj...)...


...på ein "snø i lufta"-sundag i mars.

3. mars 2012

To godt modne bananer...

...treng ikkje be to gongar
om å verta omgjort til banankake her i huset.


Denne gongen vart halvparten av kveitemjølet
bytta ut med fullkorn kveitemjøl,
og kakeforma med muffinsformer i silikon.

Som mamma seier: matkake!

2. mars 2012

Skulle gjerne...

...sagt at eg har laga dette hjartet sjølv...


...men det er det ei dame på Roxy i Bø som har laga.
Veldig god dobbel kaffi "latte", by the way!

1. mars 2012

Desse sto...

...og berre ropte etter meg på butikken i går...


...og eg må seia at dei skapar same vårstemninga inne på kjøkenet som været gjer ute.
Suppe til middag...

...laga av gule ingrediensar.


1 kg gulrøtter
1 ingefærknoll
2 gule lauk
1.5 l kyllingkraft
2 poteter

salt og pepper

Kok og mos!

lime-/sitronsaft og koriander

rjomme

Brød og smør inntil (for å bli mett...)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...